Vietnam-krigen

In Glogpedia

by lovisehoyberg
Last updated 6 years ago

Discipline:
Social Studies
Subject:
World History

Toggle fullscreen Print glog
Vietnam-krigen

''Andre indokinesiske krig''

Amerikansk innblandingNokså raskt inn i klonflikta mellom dei to vietnamesiske maktene, engasjerte USA seg. Stormakta sende inn det dei kalla for ''militære rådgjevarar'', som eigentleg var soldatar. På midten av 60-talet hadde USA heile 500 000 soldatar plassert i Sør-Vietnam. Dei kjempa kampen mot det kommunistiske Nord-Korea. Amerikanarane var i hovudsak redde for at det nord-koreanske styret skulle starte ei kommunistisk bølgje over nabolanda, noko som att kunne føre til at USA ville miste kontrollen over sine allierte i Asia, til Kina.

Vietnamkrigen, også kalla ''andre indokinesiske krig'', var den væpna konflikta mellom Nord-Vietnam og Sør-Vietnam, frå midten av 1950-åra til 1975. Krigen byrja som eit opprør mot politikar Ngo Dinh Diem i Sør-Vietnam. Krigen utvikla seg seinare til borgarkrig mellom dei to maktene. Nord-Vietnam ønskja å foreine heile Vietnam under kommunistisk leiing. Dette uroa store delar av verda, blant anna USA.

Borgarkrig

Vietnam-krigen

I 1954 inngjekk franskmennene og Ho Chi Minh ein avtale om å avvikle det franske kolonistyret, og landet skulle delast i to - kommunisme i nord, og ikkje-kommunistiske grupperingar etablerte seg i sør. Det skulle haldast demokratiske val i begge halvdelane, men slik gjekk det altså ikkje, og det tok ikkje land tid før konflikter blussa opp.

Kvifor?

Nord-vietnamesiske troppar låg skjulte i jungelen kor dei visste at amerikanarane heldt til, akkurat som då dei tidlegare kriga mot franskmennene. USA svara med å svi bort all vegetasjon ved bruk av kjemiske våpen, og brannbomber var også sleppt over sivile grupperingar. Resten av verda reagerte kraftig på omfanget av drap av sivile. Dette var ein konsekvens av det stadig utviklande informasjonssamfunet, kor verdas befolkning følgde med frå sofakroken. Ein reknar med at om lag 3,8 millionar menneske døydde som følgje av Vietnamkrigen.

Det blei i 1969 innleia fredsforhandlingar i Paris, men krigen forsette framleis under USAs president, Richard Nixon, i hans presidentperiode. Etter ei kraftig amerikansk bombing av Hanoi, hovudstaden i Vietnam, vart det politisk opprør mellom dei amerikanske og vietnamesiske styresmaktene, som førte til at ein fekk fart i fredsforhandlingane - nok ein gong. Maktene signerte under på ein avtale seg i mellom, i Paris i 1973. USA sende deretter troppane sine heim. Like etter braut nord- og sør-vietnamesarane fredsavtalen, og byrja att å krige seg i mellom. USA involverte seg ikkje.

Krigens gang

Kjelder:Heum, T., Martinsen, K., Moum, T., Teige, O. (2014) Alle tiders historie. Oslo: Cappelen Damm. Filseth, G. (2009) https://snl.no/Vietnamkrigen Vietnamkrigen. (Besøkt: 04.05.15)(Ukjend f.) (2015) http://no.wikipedia.org/wiki/Vietnamkrigen Vietnamkrigen. (Besøkt: 04.05.15)

Fredsforhandlingar og avslutning

Amerikanske styrker landar i Sør-Vietnam (1966). Bildet illustrerer USAs vilje til å hjelpe, og stiller dei amerikanske troppane i godt lys.

Nord-vietnamesiske troppar gøymer seg for amerikanarane. Dette biletet kan vere iscenesett for å skape sympati for USA, men dette er ikkje dokumentert.

Amerikanske demonstrantar mot krigeni Vietnam. Mange meinte at amerikanske styrker tok livet av for mange sivile.


Comments

    There are no comments for this Glog.